7. juni 2021

#collettteeKAL i Nordisk sommergarn





Altså, eg kan ikkje få sagt for mange gongar kor flott dette garnet er! Typisk at Oslo Mikrospinneri seinare i dag lanserer endå fleire fargar i Nordisk sommergarn, og der ein av fargane er koboltblå – det er jo min favorittfarge, og T-skjorta hadde blitt så himla fin. Men som sagt: denne gråblå fargen nesten skin i sola, det er eit flott spel mellom den jeansblå fargen og det lysegråe. Alt kan jo ikkje vere kongeblått i klesskapet mitt, og som nemnt er denne fargen kjempeflott den også. Innpakkinga frå mikrospinneriet er også til å bli glad av. Eg er komme godt i gong med T-skjorta og synest det er kult å vere med på ein slik samstrikk. Oppskrifta frå Witre Design er enkel å følgje, og viss ein lurer på noko, er det lagt ut fleire tips på hennar Instagramkonto. Over kan du sjå den flotte detaljen som skapast når ein fyrst berre aukar til bol, og sidan til bol og ermer samstundes. Dette er gøy!

Legg igjen ein fin tanke