6. jun. 2021

Sommarstemning i ei vanleg veke







Stort sett greie dagar på jobb sjølv om det no i helga har vore eit par situasjonar med kundar som ikkje har vore heilt nøgde. Men slik vil det alltid vere når ein jobbar i servicebransjen, så får me heller berre gjere så godt me kan; det finst heldigvis mange kjekke folk også. Når eg ikkje har vore på jobb, har eg sete ute på balkongen i sommarklede med ei god bok i fanget og sola i andletet. Rett og slett sommarstemning mange av dagane denne veka! Kva anna har eg gjort desse dagane? Ikkje så mykje, det er stort sett det same det går i, men det er no godt å merke at det er meir folk ute i gatene, at restriksjonane blir letta på, at me litt etter litt får ein smak av normalitet. Så mykje meir enn dette har eg ikkje å seie, over til den der lista eg pleier å poste når veka nærmar seg slutt:

✦ kaffibesøk av ein god ven i byrjinga av veka
✦ lese volum to og tre i Heartstopper-serien, eg elskar mangfaldet i desse grafiske romanane
✦ smakte godt med taco etter ein laurdag på jobb
✦ få skryt for spelelista vår av ein kunde 
✦ rosa gull på bakken
✦ alt det grøne, og sola som lager skuggespel
✦ bra, nynorsk krimbok der omslaget var i ein herleg blå farge
✦ Great Canal Journeys, å kunne kose meg med kvar einaste episode
✦ at eg gjennom mai har mimra tilbake til ferien i Canada so me hadde for tre år sidan
✦ få nydeleg garn i posten
✦ nye bøker frå biblioteket (lesehaugen min blir berre større og større, tihi)
✦ eit minne på Facebook – tenk at det er sju (!) år sidan me var i Reykjavik og New York
✦ bruke den nye T-skjorta som eg har strikka
✦ for ein artig gjeng med forskjellige dyr som et av det same matfatet
✦ når vikaren som steppa inn på kort varsel måtte ha med seg ein søt kvalp på jobb eit par timar
✦ le av og syngje med til programmet Den du veit
✦ komme ordentleg i gong med den andre Collett Tee-en, og med det bli med på #collettteekal
✦ sitje ute på balkongen med berre leggar og ei god bok i fanget

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Gode Silje ♥ Takk for lista og takk for at du deler fra kattelivet ;) Jeg har ikke hatt så mye tid og energi til å lese bloggen din eller legge igjen ord i det siste. Men vit at jeg fortsatt er her. Og at jeg elsker listene dine ;) Sender en god klem sørover og håper du får en kjempefin uke ♥

Silje sa...

Ikkje kjenn på at du må leggje igjen fine ord her kvar gong, når formen ikkje er på topp, er det slik det er. Men likevel, takk for at du innimellom skriv eit par tankar og at du framleis liker listene mine ;) Ønskjer deg og dine ei like fin veke, klemmar ♥

Legg igjen ein fin tanke