Midt i veka, i alle fall sånn nesten. Andre desember byrjar å gå mot slutten, eit stearinlys er tent og det er lys adventsstjerna. Elles er det lite som minner om jul i heimen og ute nøttar det ned. Men eg tenkjer å finne fram det meste av julepynten i kveld medan eg høyrer på julemusikk. "Walking in the Air" med Aled Jones er ein av songane som kvart år gir meg julestemning. Den aller finaste versjonen høyrer du her, og musikkvideoen over er nesten lik. Litt etter litt kjem også eg til å kjenne at jula nærmar seg, at den lune høgtida er på veg. "Hei, hå, nå er det jul igjen." I alle fall nesten.
Legg igjen ein fin tanke