6. des. 2020

Finaste filmen på storskjerm 📽



På torsdag var me på kino saman med ein kompis for å sjå Cinema Paradiso. Filmen frå 1988 er no ute i ein nyrestaurert utgåve. Som Filmpolitiet skriv så er dette en "fabelaktig mulighet til å se tidløs klassiker på stort lerret." Eg har sett filmen fleire gongar, men det var lenge sidan sist og eg har ikkje sett den på kino før. Musikken til Ennio og Andrea Morricone slår meg kvar einaste gong, tårene rann som aldri før under den siste scena. Sukk, i mine auge er dette den vakraste filmen. Julegåvehandling, julekakebaking, julebøker, julemusikk og julepynt – desember er verkeleg i gong. Jobbveka har vore grei, og i morgon er det tidleg på'an igjen. Kjapp oppsummering:

✦ å få oppleve finaste Cinema Paradiso på kino!
✦ sollyset på Folkets hus på veg til jobben ein av dagane
✦ litt tullete musikk, men sukk, denne kattungen er så innmari nusseleg
✦ frosten på bakken og på haustlauvet
✦ før kinoen på torsdag var det julegåvehandling i sentrum og middag på restaurant
✦ fange månen i handa eit par sekund
✦ "Fint i november" inne hos Et katteliv
✦ julehjarta er komme til byen
✦ og julelys og god stemning blant duene i paviljongen
✦ kjekt å besøke Prince Edward Island igjen i bok nr. to om Emily
ei luke i Aftenpostens julekalender: it godt innlegg om omsorg, inkludering og venskap
✦ stort smil av å kunne ta i bruk Twiggygenseren
✦ bake sjokoladestenger i lag med broremann tidlegare i dag
✦ koseleg å sjå at kjærleikstemaet frå Cinema Paradiso er den låten eg har høyrt mest på i 2020
✦ ha, ha, ler høgt av denne lista: "Top 10 Times Whose Line Is It Anyway Bits Went Wrong"
✦ det går mykje i julebøker for tida, og Royal Holiday synest eg var ordentleg herleg
✦ vakre julegåver inne hos Knutemors nuperelleverden
✦ murstein av ei bok, men koste meg med å lese Troubled Blood, bok nr. fem om Robin og Strike
✦ knallgod laurdagspizza, sjå den artige filmen Shazam! og spele litt "Alle tiders spill" 
✦ ny sesong av den britiske krimserien Endeavour, den er spennande og så estetisk fin

Legg igjen ein fin tanke