14. des. 2020

Mi klippe kvar dag ♥︎


Rart år, ein mørk haust, dvaletid. Eg håper du veit kor mykje du betyr for meg sjølv om dette året innimellom har vore tung og eg ikkje har vore den enklaste å bu saman med. For du er den som alltid er der, både når eg ler og smiler og når tårene renn som berre det fordi dagen har vore kjip og grå. Ord blir av og til fattige når eg skal skildre kjensler, det er ikkje absolutt alt som går an å seie med ord. Men det eg kan seie med ord er: gratulerer med dagen! Kjem like brått på kvart år, tida går altfor fort, for tenk at det er tolv år sidan du og eg blei eit par. Sidan du og eg blei kjærastar. Du och jag. Takk for din varme og ditt humør kvar einaste dag, takk for at du held meg oppe, at du held ut med meg. Du er den aller beste, faktisk den besteste ♥︎ Tenk du elskar meg og at eg elskar deg ♥︎

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Ååå, fine dere ♥ Jeg ble helt rørt av denne teksten. Og varm i hjertet, for det er så fint når man elsker hverandre gjennom alt. Kanskje spesielt på dårlige dager/tider. Gratulerer med dagen til din kjære ;)

Silje sa...

Fine, gode deg ♥ Tusen takk! Det er jo ikkje det at dette året har vore supertungt, men at det har vore tunge dagar når ein ikkje kan treffe vener på same måte, ikkje kan oppleve musikalar eller konsertar som før, ikkje kan reise, restriksjonar på jobben og overalt, det trur eg mange av oss har kjent på. Å ha ein som er der gjennom alle desse dagane...det er så fint og viktig ♥ Kjærleiken, altså ;) Klemmar!

Legg igjen ein fin tanke