11. des. 2020

Adventskalender og adventsbok



24 lappar i ei kul tekanne. I november har eg leita fram 24 forskjellige fakta om bøker, filmar, stader me har vore, om TV-seriar, matematikk, musikk og anna kjekt. Årets adventskalender til han frå meg er altså desse lappane som alle startar med "visste du at..." – veldig gøy og enkelt å lage (sjølv om eg må innrømme at eg har brukt tid på å finne så mange varierte fakta som mogleg). 




Adventskalender og adventsbok. Eller julekalender og julebok, alt etter kva ein sjølv seier, for "kjært barn har mange navn", veit du ;) Juleantologien Klokkene kallar er verkeleg fin med tekstar og songar skrive av blant anna Astrid Lindgren, Selma Lagerlöf, Anne-Cath. Vestly, Odd Nordstoga, Gulraiz Sharif og Ingebjørg Bratland for å nemne nokon av dei. Må også nemne dei fargerike og lune illustrasjonane til Malin Gyllensvaan som set ein ekstra spiss på det heile. Vakker lesing ♥︎

Legg igjen ein fin tanke