To siste julebøker og to fine ting i vindauget. Adventsstjerna har eg hatt i fleire år, og den gir eit så varmt og gyllent lys kvar einaste advent. Kanskje skal eg byrje å ha den oppe gjennom heile mørketida?! Glaspynten i kjøkkenvindauget har eg også rokke å bli veldig glad i etter at eg fann den i ein bruktbutikk for to eller tre år sidan. 25 dager til jul var for meg ei av dei beste julebøkene eg las gjennom årets jul, akkurat passe søt og rørande. Klokkerens evangelium av Heivoll er ei kalenderbok. Undrande og drøymande er den med stemningsfulle illustrasjonar i svart-kvitt av Børge Bredenbekk, ei bok der kvart kapittel får deg til å stoppe opp for å tygge på orda og setningane. Årets siste veke er her snart skriv me 2021. Eg har starta veka med ein ekstra fridag. Herleg å berre lese, strikke, høyre på musikk og sjå ein serie. Takksam for ein slik måndag.
Legg igjen ein fin tanke