4. des. 2020

Her og no



Frost på eit par haustblad. Frosten på det grøne graset. Her om dagen var det såpass kaldt ute at frosten låg som eit tynt teppe på bakken. Fint, ikkje sant?! Eg gjekk av kveldsskiftet på onsdag, og har dimed hatt fri i går og i dag. Gjort litt av det eine og litt av det andre, høyrt mykje på julemusikklista mi og lese. Ønskjer å byrje på nytt strikkeprosjekt, men må fikse strikkepinnar fyrst. På sundag blir det julekakebaking. Vel, det var eigentleg det. Litt strøtankar rett før helga.

Legg igjen ein fin tanke