2. des. 2019

"A Grief Observed"




For nærmare fire år sidan gav Laurence Fox ut sitt fyrste album Holding Patterns (meir om det her). No er han ute med eit nytt album, nemleg A Grief Observed. Eg har allereie lenkja til musikkvideoen "The Distance" – ein av songane som er med på albumet – i ei sundagsliste, men eg legg no ved videoen direkte i innlegget likevel slik at du får ein smakebit. Det byrjar å bli ein god del år sidan eg fyrste gong høyrde Fox syngje, men stemma hans er framleis like særeigen og nydeleg. A Grief Observed blei til då han gjekk gjennom ei tung tid, og i omslagsheftet skriv han sjølv at det no er rart å lese tekstene sidan han er forbi den tida. Det er ei nerve i både melodiane og tekstene som eg trur kan treffe mange av oss. Alltid like vanskeleg å plukke ut ein særskilt favoritt, men "The Distance" og "You Don't Know What I Need" er to songar som eg ønskjer å nemne. Eg kjøpte albumet fysisk for å kunne ha ståande i hylla, og eg klagar ikkje når CD-en i tillegg er signert. Så i desember blir det nok ikkje berre julemusikk her hos oss. Eit lite måndagstips frå meg til deg.

Legg igjen ein fin tanke