4. des. 2019

Snartur opp til Vålandstårnet

Høyrer på julemusikk, drikk te og les i månadens klassikar. Tar det heilt med ro etter ein lang, men bra og produktiv dag på jobb. Før me stakk innom julemarknaden på Åsen på fredag, gjekk me ein liten tur opp til Vålandstårnet. Godt å bevege kroppen og "lofta vedet" som dei  seier her i byen. Skyene var halvmørke, men det var ikkje fullt så mørkt ute i horisonten. Lyset over fjelltoppane langt der ute var i sterk kontrast til korleis det var akkurat der me stod. Noko sur vind var det også, så me blei ikkje lenge. Ein liten gåtur opp til eit tårn der ein får ganske bra utsikt over byen.

Legg igjen ein fin tanke