9. des. 2019

Noko varmt i koppen gjennom heile advent

Kvar dag no i desember koser eg meg med ein kopp te. Min betre halvdel gav meg nemleg ein teadventskalender, og kvar dag er det ein ny smak. Artig å prøve noko nytt, for når det gjeld te, har eg eit par favorittar og det er som regel dei eg pleier å drikke. Bak kvar tepose i kalenderen er det i tillegg små ord og sitat, alle om te, og det er koseleg å lese dei medan eg trektar teen. Teposane har i tillegg fargerik innpakning, så det kan ikkje bli betre ;) Slik blir ein vindfull måndag mykje betre.

Legg igjen ein fin tanke