1. des. 2019

Fyrste desember og advent er her

Og så er den her, den varme, gode adventstida. Ikkje så varmt ute, her i dag er det grått og guffe vêr. Men me tenner stearinlys, adventsstjerna er på plass i vindauget og eg har fått ein tekalender av min betre halvdel, dimed er det ikkje mangel på varme og hygge inne. Kva har eg så gjort i løpet av veka? Julemarknad, liten gåtur før regnvêret, jobb, vore på besøk og hatt besøk, kaffi på kafé, pynta til jul, byrja å skrive julekort og lese mykje. Ei veke utan lesing er ei veke utan meining ;) Las nyleg ut PS: Jeg elsker deg-klubben, ein oppfølgjar til PS: Jeg elsker deg. Og vel, ein kan seie det slik at den rørte meg veldig, tårene fall jamt og trutt. I løpet av helga har eg lese ut ei adventsbok, og eg håper på fleire gode leseopplevingar før året er heilt omme. Skal prøve å avslutte denne sundagslista no før det blir altfor seint, i morgon er det tidleg opp. Fleire fine punkt rett under:

✦ finne fram adventsstjerna og lese i adventsmagasinet som Mariell har laga
✦ sjå Disney-musikalen Newsies på skjermen i går, så mykje herleg musikk
✦ trailer til den nye Little Women-filmen
✦ Garman & Worse med mange gode skildringar av det vestlandske vêret og den jærske naturen
✦ liten tur opp til Vålandstårnet, og ein får alltid så god utsikt over byen der oppe
✦ gammal video, men eg kan ikkje anna enn å le av drillgardistduellenSenkveld
✦ sjokolade i finfin innpakning, kjøpt på den lokale butikken ved Ullandhaug økologiske gard
✦ denne lille katten er også veldig fin og søøøt
✦ skrive julekort om kveldane
✦ kjempebra julemarknad på Åsen der me fann fleire fine julegåver
✦ fint å sjå at denne lille, nusselege koalaen får hjelp av snille folk
✦ få eit spontant sundagsbesøk av fine folk
✦ vere på konsert med Bjergsted Blåseensemble
✦ flott blogginnlegg fullt av stemningsfulle oktoberbilete inne hos Niina
✦ veit at eg er lettrørt, men det er ikkje ofte eg grin meg gjennom ei heil bok
✦ kaffi og ein brownie på Steam i lag med ein kollega etter jobb på onsdag
✦ blåtimen med lys frå eit bygg medan eg venta på bussen
✦ suite frå Game of Thrones, framført av danske DR SymfoniOrkestret
✦ rosa soloppgang rett ved jobben ein av dagane
✦ sundagskaffi hos eit venepar etter å ha ete middag
✦ Smoothie må jo vere blant dei finaste kattane på Instagram
✦ Mosvatnet er fint sjølv utan fargerike blad på trea
✦ å oppdage ein knallblå dør til eit trekvitt hus

Legg igjen ein fin tanke