3. des. 2019

Vink til ein ny månad v12

Siste månad er i gong, og årsprosjektet mitt er plutseleg ferdig. Foreløpig er det lite snø å spore her i byen, noko som er heilt vanleg i Stavanger på denne tida av året. Det er no lov å ønskje seg kvit jul, men me får sjå. Graset er framleis smågrønt og det er vått på bakken. Regn og gråvêr har me jo heile året, med andre ord ikkje nytt. Den blå benken har flytta på seg jamt og trutt heile året, og ved Mosvangen camping har det gjennom året vore arbeid og forbetringar. Elles synest eg det er få endringar frå månad til månad i dette området. Eg får sjå om eg gjer noko liknande neste år eller ei, litt artig har det no vore. Julemusikk på jobb og det blir julemusikk på orkesterøvinga i kveld.

Legg igjen ein fin tanke