8. des. 2019

Musikk, bøker og bra morgonskift

Ligg som vanleg litt etter når det gjeld kva bøker eg har lese i år, så det kjem til å komme eit par bokinnlegg neste veke. Når eg jobbar morgonskift, blir det ikkje fullt så mykje lesing på meg, for eg kjenner eg er trøytt når eg kjem heim. Men me har hatt få planar no i helga, og eg har fått lese ein god del i tillegg til å høyre på julemusikk, få unnagjort nokre julegåver, sjå ein julefilm og glede meg over dagslyset når det ikkje er regn og gråvêr. Om ein ser bort frå at det innimellom har bøtta ned, har denne veka vore bra med kjekke dagar på jobb, julestemning og -musikk, orkesterøving og... vel, ikkje så mykje anna eigentleg. Neste helg er det konsert og plutseleg er jula her for fullt. Tenkjer eg skal lese litt meir i kveld, lage fløytekaramellar og dele ein haug med fine ting og tang:

✦ produktive og kjekke jobbdagar
✦ alltid kjekt å lese bøker av Tore Renberg, og Ingen tid å miste er den nyaste boka hans
✦ følgje med på Snøfall, julekalenderen på NRK
✦ herleg med sol og dagslys ved Badedammen
✦ god idé til flotte snøfnugg ein kan lage sjølv inne hos Wonderwood
✦ at musikken til Morricone er den eg har høyrt mest på i løpet av året, er ikkje overraskande
✦ høyre på det nyaste albumet til Laurence Fox
✦ ein artig video frå TwoSetViolin som viser filmmusikkens historie
✦ lese HP-bok nr. tre med Jim Kay sine vakre illustrasjonar
✦ fine finkar på eit fuglebrett og kvit snø overalt, ordentleg julestemning
✦ grine då dei song vakraste "Gabriellas sång" på Beat for beat
✦ koseleg med juletre og mykje lys i og ved konserthuset
✦ novemberstemning på sitt vakraste, alltid like flott fanga av Niina
✦ pusle litt kvar dag sidan hans adventskalendar frå meg er eit puslespel
✦ flott, sårt og rørande i Helene sjekker inn: Alfheim ungdomshjem
✦ stilig gatekunst på Hermetikken ved Badedammen
✦ "Top 20 Movies You Can Name By Hearing Just One Line"
✦ juletre på jobb, noko som skaper lun julestemning
✦ og meir julestemning med julemusikk på høgttalarane medan eg vaska tribunen
✦ to søte kattar som er glade i kvarandre, ein liten og ein stor
✦ kjekk øving med orkesteret tysdagskveld
✦ julepynta heim med nissar, lyslenkje og eit keramikkjuletre kjøpt på julemarknaden førre helg

Legg igjen ein fin tanke