6. des. 2019

Julestemninga kjem med denne songen



Sjette desember, fredag og helg. Som mange andre har eg ei eiga julespeleliste på Spotify med julesongar eller songar som minner meg om jul, vinter og desember. Ein av songane som er med på lista, er "Walking in the Air" med Aled Jones. Kvart år må eg høyre denne for å kjenne julestemninga komme sigande. Utruleg nok har eg framleis til gode å sjå The Snowman, filmen som songen er henta frå. Liker aller best denne versjonen der Jones syng i duett med seg sjølv som liten, og i videoen over er det same prinsipp. Den er betre laga og eg deler difor denne her på bloggen slik eg gjorde i fjor. Og med denne nydelege songen ønskjer eg alle ei riktig god helg!

Legg igjen ein fin tanke