16. des. 2019

Grumpenissar i store delar av heimen vår

Okei, så har me kanskje litt for mange nissar i heimen no når det er jul, men eg synest framleis dei der grompenissane – eller gumepnissar som andre kallar dei – er så innmari kule og artige. Hi, hi, eg småhumrar litt av nissane med lua langt nede i andletet. Her får du ein liten smakebit av korleis vår heim ser ut når det er julepynta. Bokstavane med "God jul" står på sin faste plass og flaska med med omriss av eit juletre som eg laga for nokre år sidan står ute i gangen, akkurat slik den pleier når advent og jula er her. Serviattar med nydeleg motiv er funne fram, no kan jula berre komme.


Juletreet, som eigentleg er meint til å bruke som adventskalender, er pynta med den lille juletrepynten me har. Endå fleire grumpenissar (tihi), og så har me både små og store julemus plassert rundt omkring. Om ikkje lenge er det av garde til jobb, så hei og hå for no.

Legg igjen ein fin tanke