15. des. 2019

Kjærastedag, julekonsert og adventshygge

Julekonsert, kveldsskiftet på jobb, sakte adventskalender (med andre puslespel og te), julekalender på nett-TV, nyklipt hår og årsdag. Den tredje siste veka i 2019 har vore veldig bra med litt av det eine og litt av det andre. Konserten i går med orkesteret blei ein suksess, julestemninga kom (den gjer alltid det når ein speler "Deilig er jorden" og får me publikum på allsong). Meldinga frå Stavanger Aftenblad var terningkast 5 og med kommentar som "Det var i alle tilfeller et orkester i storform, med bøttevis med sjarm og smittende musikkglede, som laget den varme og koselige stemningen i storstua i Sandnes denne ellers ganske hustrige kvelden.". I går var også årsdagen vår; tenk at me har vore kjærastar i heile elleve år! Du och jag ♥︎ Tredje sundag i advent er nesten over, og det er berre ni dagar att til sjølvaste julaftan. Håper du har hatt ein bra sundag, no over til lista:

✦ kul bok om bøker, kjærleik og all slags rar quizkunnskap: The Bookish Life of Nina Hill
Eides språksjov er berre heilt fantastisk, me ler og smiler gjennom kvar einaste episode
✦ sola i andletet på veg heim frå jobb
✦ elleve år i lag med den rare, fine, kule og besteste mannen – diggar biletet frå orkesterøvinga
✦ ny te i adventskalenderen kvar dag
✦ superkjekk julekonsert med orkesteret, og strålande melding på aftenbladet.no
✦ spelefilmen Rocketman om Elton John
✦ tenne adventkalenderlyset kvar dag
✦ vakker og stemningsfull Luciavideo, laga av finaste Jonna
✦ og ein ny vlog frå Grundtjärn
✦ slappe av med å lese meir i adventsmagasinet
✦ sakte adventskalender: å kvar dag pusle litt på eit julepuslespel
✦ "16 Types of Musicians Before a Concert" – må le av TwoSetViolin, og me kjenner oss igjen
✦ få lussekattar av undervassrugbyen før me gjekk heim torsdagskveld
✦ sjå denne lille, søte, rare og nusselege flodhesten
✦ bruke den grøne ullkjolen frå ein bruktbutikk i Stockholm og smykke frå My Piece of Wood
✦ om sakn og hjarterom inne hos Et katteliv
✦ litt trøytt utpå kvelden, men likevel stort smil med nyklipt hår
✦ gå rundt i gågata i Sandnes med akkurat passe julestemning før lydprøven i går
✦ kan ikkje anna enn å le og smile av "Crosswalk the Musical: Frozen" med James Corden i spissen
✦ lese Et julekvad av Charles Dickens som desemberklassikaren
✦ spele julemusikk på jobb

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Legg igjen ein fin tanke