18. des. 2019

Lesing i desember

Desember, adventstid og nesten jul. I tillegg til å lese Christie-bok, ein klassikar og andre bøker, prøver eg få finne fram koselege julebøker, for det er no eller aldri (les: vente endå eit år). Til no har eg lese ut Adventsgaven av Jenny Gladwell og One New York Christmas av Mandy Baggot. Den fyrste boka er ei søt julehistorie om andre verdskrig og opphavet til det norske juletreet i London, men gurimalla – i mine auge blei figurane ganske så karikerte. One New York Christmas likte eg derimot veldig godt. Akkurat passe søt og artig med fleire herlege karakterar. Og som vanleg kaffi ;) I kveld har det vore ein ordentleg julekakebakeonsdag i lag med broremann. Alltid like koseleg!

Legg igjen ein fin tanke