Lille julaftan i morgon. Allereie. Eg seier det nok kvart år, men året har gått litt for fort, det har foke av garde i sitt eige tempo. Plutseleg er julehøgtida her utan at eg heilt skjønner det. Men med nesten to veker ferie som byrjar etter klokka 12 på julaftan, skal eg ikkje klage, men heller nyte romjula og fridagane. Denne veka har verkeleg gått i eitt med blant anna to kinobesøk og julekakebaking. Rart korleis vekene før jul ofte har ein tendens til å bli travle, men som regel på ein positiv måte ;) I har det derimot vore veldig roleg, ein heilt perfekt sundag, den fjerde i advent. Ønskjer no å slappe av med ei bok me finn senga, rett under kan du lese meir om mi sosiale veke:
✦ siste bok i #readchristie2019, og då valde eg den nervepirrande And Then There Were None
✦ sollyset inne i skogen då me gjekk rundt Vannassen i dag
✦ hi, hi, så kult at ein kattunge og ein liten alpakka kan vere så gode vener
✦ julelysa og stemninga i Langgata i nabobyen
✦ suite frå Narnia-filmane, spelt av DR SymfoniOrkestret
✦ kose meg med ein Snøfall-episode kvar dag
✦ dei gule julestjernene ved Breiavatnet, noko som skaper herleg og lun julesteming
✦ "The Evolution of Christmas Songs (1744- 2020)" – julemusikkvideo frå Peter Hollens
✦ ein julelandsby i miniatyr sett i eit butikkvindauge
✦ julekakebaking i lag med broren min, noko som har blitt ein årleg tradisjon
✦ invitere to kollegaer heim på kaffi, julekaker, mykje prat og julefilmen Love Actually
✦ må få sett "The Mousetrap" neste gong me er i London, særskilt når eg les dette hos Et katteliv
✦ keramikknissane frå Leirleik er mine favorittgrumpenissar, den med kvit lue er ny i samlinga
✦ sjå juleklassikaren It's A Wonderful Life i lag med ein kollega, og jepp, tårene rann mot slutten
✦ god olje frå Oliviers & Co som julegåve frå jobben
✦ ein ny vlog frå finaste Jonna
✦ kinodate i lag med mannen min i går der me såg den artige krimsatiren Knives Out
✦ treffe ei god veninne etter kinoen i går, og det blei litt shopping, kaffidate og mykje prat
✦ herlege dovendyr gjer meg alltid glad
✦ fortsetje med å lese julebøker: Mutts & Mistletoe
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
♥
Takk, finaste deg!
Legg igjen ein fin tanke