Dagane mellom jul og nyttår. Nokon ønskjer å kaste ut jula med ein gong og starte med blanke ark, sjølv høyrer eg på julemusikk fram til 1. januar. Eg slappar av, senkar tempoet og tar det heilt med ro. Akkurat slik har det vore denne veka. Starta den på jobb, men det var berre halvannan dag, for dei andre dagane har eg hatt heilt fri. Me har vore på Sola, ete god mat, lese mykje, treft gode vener, sett filmar og eigentleg berre hatt juleferie. Sånn ordentleg juleferie. Skal ikkje skrive så mykje meir anna enn at her kjem årets siste sundagsliste, eller, for å vere meir nøyaktig, tiårets siste:
✦ har lese endå ei julebok av Baggot, nemleg One Christmas Star, og eg likte denne like godt
✦ kose meg med siste episode av Snøfall og sesongfinalen av Endeavour
✦ flott pdf-guide til London, laga av Mariell
✦ slappe av no i romjula med kaffi, julemusikk og ein haug med bøker
✦ andre juledagstur på Solastranda med eit venepar med sol i andletet og disig hav
✦ som vanleg titte på Tre nøtter til Askepott og Reisen til julestjernen på sjølvaste julaftan
✦ altså, små elefantar er jo berre heilt herlege og nusselege
✦ drikke kaffi frå nye, fine krus ein juledagsmorgon
✦ har endeleg sett Die Hard frå 1988, og eg synest den var ein herleg actionfilm
✦ "Tenk om 2010 og 2020 snakker ut om tiåret som har gått" – ha, ha, tiåret tatt på kornet
✦ synest den nyaste krimboka til Trude Teige levde opp til forventninga
✦ jentekveld med ei av mine beste veninner her heime på torsdag
✦ søte pusen som har fått vere gjest hos nokon fine menneske
✦ pynte treet og ete risgraut lille julaftan
✦ feire jul i lag med familien, inkludert kulaste Zalo
✦ "Auld Lang Syne" – Peter Hollens har nok ein gong laga ein kjempebra coverversjon
✦ setje av tid fyrste juledag til å sjå den aller siste HP-filmen saman med heile familien
✦ og ordentleg kult å ha ein Harry Potter-inspirert vegg
✦ pusle ferdig puslespelet etter å ha vore på jobb julaftan
✦ desemberstemninga alltid like flott fanga inne hos Niina
✦ vere ute på Cardinal i går i lag med ein gjeng fine folk
✦ debutromanen til Ane Barmen, Draumar betyr ingenting, er ei sår og veldig god bok
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
♥
Eit hjarte til dykk også ♥
Legg igjen ein fin tanke