Sola som skin inn over stova. Eit velkomment syn, ei vårleg kjensle. Sidan eg akkurat no er mellom to jobbar, bruker eg mykje av tida mi på å lese. Medan eg sat i sofaen og las tidleg i dag, titta sola inn. Vårsola, kan eg seie det?! Blei gråare ute midt på dagen, men eit hint av sol og vår dei fyrste timane gjorde godt. Og ei bok i fanget, eller i handa, er alltid noko som får fram smilet hos meg.
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Har vært deilig idag 😊
Sol og blå himmel, ingen snø, men snøklokker. Eg trur våren er her snart :)
Legg igjen ein fin tanke