1. jan. 2019

Hei, hallo, fyrste dagen i 2019

Godt nytt år! No sit eg her i sofaen og høyrer på korleis det blåser stikker og strå ute. Ordentleg gufsevêr. Det var heldigvis nok opphald i går til at dei kunne sende opp det årlege fyrverkeriet frå Vålandstårnet. For eg er ikkje storfan av fyrverki som blir sendt opp i hytt og vêr, men eit slikt felles fyrverkeri er det no litt stas å sjå på. Me hadde ein kjempekjekk kveld i går der gjestane gjekk i halv tre-tida! Så mykje prat og latter, god mat og godt selskap! Ein bloggpost om nyttårskvelden får komme i morgon eller torsdag. Eg kjenner at eg i dag treng å berre ta det heilt med ro, slappe av med ei god bok før me skal ete middag heime på Sola. Etter kvart kjem eg også til å oppsummere 2018 i tolv bilete og eg vil også prøve å skrive om dei bøkene eg las i fjor. Men, alt til sin tid. Me skal også pusse opp badet og diverse anna no januar. Så, hei og ha det, den fyrste dagen i 2019

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Godt nytt år, Silje <3

Silje sa...

Og det same til deg og dine, fine Ida <3

Legg igjen ein fin tanke