6. jan. 2019

Eit nytt år og ei ny liste på ein ny sundag

Kjennest ut som ei kort veke sidan kvardagen ikkje starta for fullt før onsdag. For min del har det vore ei roleg veke sidan eg ikkje har så mykje jobb akkurat no, men det har vore nok å gjere her med å ta storoppvasken etter nyttårsmiddagen, fikse ein harddisk, rydde vekk jula, planleggje ein tur til Sunnmøre i slutten av januar, komme meg ut for å kjenne litt dagslys kvar dag og lese mykje. Og det er så godt å fortsetje lesegleda inn i eit nytt år! I tillegg var det jo nyttårsfeiring på måndag med dei fine folka og tysdag åt me middag ute på Sola saman med familien min. Ei fin veke med andre ord. Blir kjekt å komme i gong med orkesterøving om to dagar og snart er me i gong med å rive tapet og anna inne på badet. Me har venta lenge og vel, for me har ikkje heilt visst korleis me ville ha det. Men trur det blir kjempebra når alt til slutt er ferdig. Årets fyrste sundagsliste:

✦ las ut Ut av ensomheten for ikkje lenge sidan, og for ei fin, vakker og god bok
✦ intervju med Birgit Skarstein, ho er ei rå og herleg dame
✦ gå ein herleg tur i går ved Vannassen, Kristianlyst og Hillevåg
✦ lo meg skakk av den nye svarte krimkomedien Magnus på NRK
"Autumn memories" og "Christmas" – Niina fangar som alltid stemninga og augneblinkane
✦ gøy å pynte meg med den knallblå nagllakken
✦ synest også det var gøy å lage origamitraner under nyttårsmiddagen
✦ kule "Behind the Scenes"-bilete frå kjente, klassiske filmar
✦ flott å sjå fellesfyrverkeriet på nyttårsaftan
✦ ei topp ti-liste med dei beste Glee-episodane, mange gode minne
✦ smake på ny ein te som eg fekk til jul
✦ den fine veggkunsten på Byterminalen i sentrum
✦ stjernar i treet på Arneageren som lyser opp mørke dagar
✦ ei lita geit som blir besteven med ein liten sau, dei er berre så søøøte
✦ leggje ferdig puslespelet me byrja på i jula
✦ stas å pynte bordet og invitere til nyttrsmiddag her hos oss
✦ blir ikkje lei av å sjå den søtaste kattungen Maya, her som ordentleg bitteliten kattunge
✦ og blir heller ikkje lei av å bruke den svarte nyttårskjolen, synest den er supertøff
✦ trur me alle treng ei påminning om at me som regel har det godt, og liker difor dette innlegget
✦ likte veldig godt den fyrste boka om Morrigan Crow og bok nr. to, Wundersmith, skuffa ikkje

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Hurra for årets første søndagsliste! Glad du likte Wundersmith, synes i grunn den serien er ganske underholdende :) Håper du får ei fin uke, Silje <3

Silje sa...

Tihi! Ja, eg synest Nevermoor-serien er kjempekjekk og koser meg med å lese dei :D Så får me berre håpe at me ikkje må vente altfor lenge til den neste kjem ut ;) God veke til deg også <3

Legg igjen ein fin tanke