27. jan. 2019

Peiskos, gode bøker (som vanleg), togtur og ein god del snø

Ikkje at me har hatt mykje snø i Stavanger, men denne veka har det blitt litt snø på oss likevel med både dagstur opp til hytta og med togtur til Austlandet og Langhus. For her er det mykje snø! Sundagen er snart over og det har vore dagar med mykje lesing (igjen), tur i nærområdet, date der me opna minneglaset, årsmøte med orkesteret, spelekveld med eit venepar og no i helga ein togtur. I morgon er det nemleg konsert med Ennio Morricone og då besøker me slekt i same slengen. Kjempekoseleg og stor stas å sjå svoger, svigerinne og ungane deira igjen. Me har til og med fått prøve oss ute på isen. Tenkjer det blir prat og lesing i kveld, men aller fyrst ei vekesoppsummering:

✦ skal prøve å lese ei Christie-bok i månaden, og den fyrste var Mord etter alfabetet
✦ ta toget austover, då får ein tid til å lese mykje og berre ta det med ro
✦ dagstur opp til hytta – så nydeleg landskap med islagt vatn og snødekte fjell
✦ at finaste Once, Brokeback Mountain og La-La-Land kom med i denne lista
✦ peiskos, taco og kjekt brettspel hos eit venepar på fredagskvelden
✦ ååå, så søt og spraglete kattunge
✦ opne minneglaset, lese lappane høgt og kose oss med vår Canadiske favorittvin
✦ solnedgangen då eg gjekk i Åsenløypa på måndag
✦ lese klassikaren Howards End og sjå miniserien frå 2018 med same namn på NRK Nett-TV
✦ ha, ha, måtte humre av denne frå Brooklyn Nine-Nine om svensk, norsk og dansk
✦ flisene inne på konserthusets toalett (frå førre sundag då me såg Svanesjøen som var veldig bra)
✦ finaste Tina som framsnakkar folk på Instagram; eg blei litt rørt, ja
✦ fascinerande å sjå "vindauga" på bygga ved Åsen batteri – ser jo litt fengselsaktig ut
✦ kjempebra a cappella versjon av Can You Feel The Love Tonight
✦ kanskje ikkje ei bok med mange sider, men dei sidene som er i Akkurat passe, rommar mykje
✦ veninna mi som er i gong med handarbeidspodcasten sin igjen
✦ prøve skøyter med nevø og nieser for fyrste gong på mange, mange år
✦ veldig kjekt å lese om Emily som har fått jobb hos Scandic her i byen
✦ klappe den fine nabokatten etter å ha vore ute på isen tidlegare i dag

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så herlige bilder ;) Får lyst å kommentere til hvert eneste ett. Men får plukke ut et par slik at dette ikke blir verdens lengste kommentar :P Likte du å lese Agatha Christie? Flere jeg kjenner syns at bøkene ikke er like bra som filmene (Poirot og Miss Marple). Vi er jo hardbarka Poirot-fans. Men beste måten å finne ut om jeg blir å like bøkene like godt, er nok å prøve å lese selv. Ellers digga jeg bildet av deg på skøyter! Og veldig koselig med kattepuskos <3

Silje sa...

Fyrst og fremst: tusen takk for ei kjempefin kommentar! Det set eg veldig pris på :) Eg kan ikkje hugse om eg såg Poirot og Marple på TV før eg byrja å lese bøkene, men eg veit at eg byrja å lese bøkene då eg var 12-13 år gammal. Og sidan har eg vore fan! Diggar jo så klart Suchet som Poirot, har sett dei fleste episodane både to og tre gongar :) Tenkjer at bøkene er ei greie, filmane og TV-seriane ei anna. Gode på kvar sine måter :D Ha, ha, skøytebiletet, ja. Artig var det sjølv om det blei eit par knall og fall ;) Og den katten var superfin <3

Legg igjen ein fin tanke