13. jan. 2019

Bad, endå meir bad og eit par bøker

Ingen tvil om at me denne veka har hatt riving av badet som fyrsteprioritet. Altså, me riv ikkje veggar og tak, men det er ikkje langt unna. Veit at når firmaet som skal gjere resten kjem i morgon, vil den eine veggen bli tatt og takplatene blir nok også erstatta. Me har halde oss til tapetet og vinylbelegget på golvet, og det har ikkje vore berre berre: tapetet har vore limt veldig godt på ein del av veggane. Sjølv om me har brukt mykje tid inne på badet, har eg elles lese mykje, fått unnagjort ein del ærend på tysdag, druke kaffi (og innimellom nokre koppar med te) og så vidt prøvd øvingsmuten som eg fekk til jul. Inga øving denne veka, for det fyrste prosjektet er ein skulekonsert der ein ikkje treng eit fullt orkester. Men no til veka blir det øving, og eg gleder meg. Seinare i kveld stikk me til Sola, for det vil ikkje vere noko særskilt å bu her i leilegheita medan badet så å seie ikkje kan brukast. Okei. Nok prat, eg har ein del eg vil dele også denne veka:

ikkje månadens klassikar, men likte veldig godt Burnetts A Little Princess
✦ ein god kronikk om det å faktisk vere miljøvenleg, ikkje berre snakke om det
✦ tapetet er nok blåare enn på biletet, men trur den blir supertøff på badet
✦ Jonna sin nyaste vlog, så fint å sjå og høyre, og eg tenkjer eg må filme meir om kvardagane
✦ kose meg med siste episode i sesong to av Anne with an E (og vite at det kjem ein tredje sesong)
✦ godt skrive om kroppshår og skjønnheitspress
det gjorde godt å sjå sollyset inne i stova vår
✦ "Top 10 Unforgettable Kurt & Blaine Moments" – Glee, altså
✦ og når me snakkar om Glee: synest det er kult at Darren Criss vann ein Golden Globe no nettopp
✦ pugge og bli betre på Europa ved hjelp av denne quizen
✦ trekte også på smilebandet av stempla inne i den gamle boka, med stempel frå 1948
✦ sitje saman i sofaen og sjå Ginger Rogers og Fred Astaire i The Barkleys of Broadway
✦ tips for betre togbilete, har nok delt den før, men skal snart ut på togtur igjen ;)
✦ skjønne hamsterar som er ordentleg dyktige på labyrintar
✦ rive tapet og golv inne på badet
✦ dei små felta med sol på ei av naboblokkene
✦ for ein sjarmerande, liten kattepus
✦ ligg litt på etterskot, men eg synest uansett at boka Attachements var akkurat passe søt og klein
✦ "Autumn memories 2", klarer ikkje å la vere å dele endå eit blogginnlegg av Niina
✦ sitje på kafé etter å ha gjort ein del ærend, drikke ein cappuccino og lese i ei herleg bok

Legg igjen ein fin tanke