3. jan. 2019

Vink til ein ny månad v1

I 2017 hadde eg ein bloggserie gåande der eg kvar månad gjekk ein tur bort til Vålandsparken for å ta nokre bilete og sjå forandringane frå årstid til årstid, forskjellane mellom kvar månad. Eg hadde ikkje eit slikt prosjekt i fjor, men etter å ha sett eit bilete inne på bloggen til Niina, blei eg inspirert til å prøve å gå ut tidleg kvar månad med ein slik lapp. Seie "hei" til ein ny månad, sjå korleis graset og trea ser ut, korleis vêret er, sjå om det er endringar frå januar til april, frå april til mai, ja, du skjønner teikninga. Ikkje noko snø eller is no i byrjinga av januar, graset er nokonlunde grønt, i motsetnad til trea. Trur det kjem til å bli to bilete kvar månad, eit ved den blå benken rett ved Sif-bana og eit ved Mosvangen camping. Så får me sjå kor store forskjellane er gjennom eit heilt år.

Legg igjen ein fin tanke