25. jan. 2019

Åsen ein januardag

Så var det plutseleg fredag igjen. Helga er her. Me skal ein tur austover i morgon, for om eit par dagar er det konsert i Oslo med Ennio Morricone. Ein av filmmusikkens meistrar. Trur det blir ei kjempekjekk oppleving! I kveld skal me på besøk til eit venepar, så me startar helga på best mogleg måte. I starten av veka, nærmare bestemt måndag, skein sola så å seie heile dagen. Eg tok på meg gode ytterklede og gjekk ein tur i Åsenløypa. Løypa ligg rett ved omtrent rett ved heimen. Mosekledde steinar og solskinet mellom trestammane. Kjempeherleg å kjenne frisk luft, kjenne sola varme, i alle fall litt. For kaldt var det no, så eg gjekk me lue, hanskar og skjerf.


Fjella i det fjerne og Forus og Solasplitten noko nærmare. Kontrastane mellom naturen og det menneskeskapte. Oppe på Åsen kan ein framleis sjå restane etter andre verdskrig. Åsen batteri heiter det. Batteriet blei bygd av tyskarane for å forsvare flyplassane på Sola og Forus mot engelske luftangrep. I dag er det sytten freda bygg på området. På eit eller anna vis synest eg nokre av bygga likner på dei små husa i Hobsyssel. Ikkje på langt nær så koselege eller fine, men det at dei er låge med små dører og gras på taket. Men så klart, det er store kontrastar også her, mellom ein verdskrig og ei fantasiverd. No skal eg lese litt i ei av bøkene eg held på med. Fredag er her.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Maria sa...

37 år har jeg bodd i Stavanger (eller, nå lyger jeg, for jeg bodde 7 år i Bergen...) men Åsen Batteri har jeg aldri hørt om. #flaut - Det så litt spennende ut der :-) Takk for tips får man vel nesten kanskje si... Hehe :-)

Silje sa...

Trur ikkje eg kjenner halvparten av turområda i Stavanger sjølv ;) Dette er forresten på Sola, så det er ikkje så veldig flaut. Men ei fin, lita løype med eit hint av historie er det no i alle fall :) Håper du har hatt ei god og fin helg :)

Legg igjen ein fin tanke