4. jan. 2019

2018 i tolv bilete

Dette er det fjerde året på rad at eg ønskjer å oppsummere fjoråret med tolv bilete, eit bilete for kvar månad. Som dei tidlegare åra var 2018 også eit år med mange nye opplevingar der høgdepunktet, som eg nemnte for ikkje lenge sidan, var reisen til Canada. Bøker og kaffi har også vore ein stor del av kvardagen, og eg håper på fleire gode leseopplevingar også dette året. Trur nok ikkje det blir like mykje reising i år, me ønskjer nemleg å prøve å reise utan å bruke fly. Så kanskje færre feriar som då vil vare litt lenger?! Me får sjå, det er lite som er planlagt, og det er jo 2018 det skal handle om no. Januar i fjor kjem her: nyttårsfeiring og dei fyrste dagane i det nye året var me på Sunnmøre, vel heime gjekk me ein tur med frost på bakken og sola på himmelen, bowling, middagsbesøk og spelekveld med gode vener, snødekka landskap, bøker og mykje kaffi (ha, ha, dette gjeld vel kvar einaste månad), og Billy Elliot i Sandnes kulturhus.


Februar: meir snø, las ut den siste boka om Louisa (Fremdeles meg), tur opp til Ullandhaugtårnet der me delte ein vaffel frå kaféen, nytt album frå Glen Hansard, byrja å ta opp fransken med Duolingo og ordbøker, gjekk Vaulenturen, helg på hytta med nokre gode vener og eit heilt nydeleg vintervêr, eit par nye plagg i økologisk bomull, såg dokumentaren om NY Public Library på kino og traktorvaflar, te og mykje latter med besøk av ei veninne.


Mars: sundagsbesøk til eit venepar, solnedgang på balkongen (blir aldri lei det synet), las ut den fine klassikaren Det vokser et tre i Brooklyn og språkboka Lingo, "Bezzerwizzer" då me hadde middagsbesøk, følgde med på NRK-serien Eides språksjov, snøklokker, lunsjdate på Espresso House med han der fine, gjensyn med Downton Abbey, mange flotte fargar (både her heime og på jobb) og feira påska på hytta med radio, påskekrim, påskekos, familien og ein hund.


April: denne månaden var eg grasenkje, men eg var også på restaurant med mamma og pappa då eg hadde bursdag, såg resten av påskekrimmen (Shetland), togtur til Kongsberg for å besøke ei god veninne og broren min, las mykje på toget, vårsola på torget og ved Breiavatnet, togprogram på NRK Nett-TV, såg dei fyrste episodane av Friends, spele ønskekonsert med orkesteret, talde ned til Canada-turen, bibliotekstur med jobben til Biblo Tøyen og Stovner bibliotek og sat på kafé med to av mine beste veninner i tre timar.


Mai: Canada! Vanskeleg å oppsummere tre og ei halv veke i korte trekk, men det aller kjekkaste var nok den langhelga me hadde ute på Prince Edward Island der me blant anna besøkte forskjellige Anne of Green Gables-plassar. Må også nemne naturformasjonen Hopewell Rocks, fyrtårnet ute på Nova Scotia, nasjonalparken Greenwich der me gjekk ein herleg tur, handle bruktklede på dei to lokale bruktbutikkane og finne ein stilig kjole på ein vintagebutikk, musikalen Anne & Gilbert, lese ute i sola på campus, feiring 17.mai og bryllaupsdag og berre det å vere der med kjærasten min.


Juni: starta med at eg kom heim 1.juni, jobba laurdag 2. og rett etter jobb var det førfødselsfest for ei god veninne, elles så var eg grasenkje nok ein månad, jobba mykje, det var varmt og eg sat mykje ute med ei bok i fanget eller lunsj i ei skål, vere med Litteraturtoget til sjøs, bli hekta på den supre britiske komiserien Gavin & Stacey, sommarmiddag med fine folk frå jobben, ha Zalo på besøk ei heil veke, besøke ei god veninne ein fredag, sykle til jobb om laurdagane i supert sommarvêr og til slutt så fint då eg endeleg fekk mannen min heim igjen.


Juli: bryllaupsdagsfeiring med middag på Kronen Gaard (okei, litt på etterskot), mykje jobb på oss begge to, køyretur til forskjellige baderomsbutikkar saman med eit venepar, me åt middag på balkongen klokka sju ein kveld, søte grisungar ved Ullandhaug, såg gamle filmar, las i sola, sov ute på balkongen den natta det var tropenatt og måneformørking, vassliljer i Vannassen, åt ute på restaurant med eit venepar og koste oss på Gladmatfestivalen.


August: bilferie i Noreg der me var innom bokbyen i Tvedestrand, svoger og familie på Langhus, tante og onkel i Åsgradstrand, Mummi-utstilling på Hadeland Glassverk, fine dagar på Sunnmøre med bruktbutikkar, tur opp til Verahornet, lage syltetøy og mykje lesing og kaffi, på veg tilbake til Stavanger prøvde me gondolen i Loen og me tok Flåmsbana, elles var eg i ein trettiårsdag, jobba ein del, åt middag på Jordbærpikene midt i veka, hekla bomullspads og tebesøk av ei god veninne.


September: liten sundagstur i Sørmarka, tur til York og Yorkshire der me tok tog langt ute i skogen, besøkte Goathland (for eg er jo fan av Heartbeat), budde i "vårt" eige lille slott og opplevde så mykje anna kjekt, laurdagstaco og spelekveld med nokre vener, ha besøk av broren min og Zalo i nokre dagar , Kapittelfestivalen der eg høyrde Lomheim og Uri prate om det norske språket, krimserien Springflo, og heilt til slutt orkesterkonsert med Didrik Solli-Tangen som solist.




Oktober: starta oktober med å ta toget til Oslo der me besøkte onkelen min og kjærasten hans og me såg The Phantom of the Opera (den femte musikalen for min del på Folketeateret), traff forresten på gamle kjenningar frå Agder Brass på toget, sjå Heartbeat og Six Feet Under når me fann tid til det, haustfargar overalt, me gjekk ein liten tur etter jobb i herleg haustsol, var afternoon tea med ein kjempefin gjeng etter ein laurdagsvakt på jobb, det kulaste interiør- og oppussingsprogrammet Eventyrlig oppussing, vemodig og fint å lese ut den siste Anne-boka (Rilla of Ingleside) og kafébesøk på ein av favorittkaféane saman med ein favorittperson og ta ein liten shoppingrunde i byen etterpå med den same, fine personen, og mot slutten av månaden tok han fine og eg ei aleinehelg på hytta.


November: investerte i nytt (brukt)kamera, meir haustfargar, las ut Lethal White, me såg Babylon Berlin og Lykkeland saman, alltid kjekt med middagsbesøk og spelekveld (for det blei nokre slike kveldar i fjor), ein laurdag hjalp me nokre vener med oppussing eit par timar, la Harry Potter-puslespelet, eg prøvde ei veke utan SoMe, såg musikalen Pippin med ei barndomsveninne, bowling med jobb og juletapas med jobb, frost om morgonane og gatekunst nede i byen. 


Desember: er ikkje så lenge sidan desember, men må jo skrive likevel at me var på heile tre julekonsertar (den eine var film+konsert), lite venejulebord, feira ti år som kjærastar, snartur til Oslo for å vere med fine folk og sjå The Book of Mormon for andre gong, traff mange vener i løpet av desember, eg hadde mine siste dagar på jobb, bakte julekaker med broremann, las mykje i løpet av romjula, me feira jula på hytta med familien min, høyrde Ajax-forteljingar på lydbok, las ein haug med julebøker og superkjekk nyttårsfeiring.

Legg igjen ein fin tanke