2. jan. 2019

Nyttårsmiddag, fyrverkeri og fine folk

Neimen ikkje enkelt å ta bilete inne når det er så mørkt ute. Difor blir fargane på bileta frå nyttårsaftan så som så, men her er dei no uansett. Me hadde ein kjempekjekk kveld med nokon av våre nærmaste vener. Eg hadde ikkje kjøpt noko særskilt med pynt til bordet, og brukte dimed det me hadde tilgjengeleg her heime. Synest bordet blei greitt med litt stearinlys, dei nye og søte glasbrikkane og mormorserviset. I år tok eg fram nyttårskjolen min, den eg har arva av mamma og som er sydd om til meg. Den er så fin og stilig! Og blå neglelakk er eit must når kjolen er svart.


To av venene våre hadde laga forrett og dessert medan me stod for hovudretten. Til saman var me seks personar, akkurat passe til bordet vårt utan at me måtte ta fram klaffane. Alle dei tre rettane smakte veldig godt: til forrett hadde me kveite med glasert ribbe, frukt og chilisaus, hovudretten var lammesteik med potetmos og rotgrønsaker (ikkje avbilda) og til dessert hadde me jordbærsorbet og kvit sjokoladeparfait med litt tilbehør. Og eg fekk tatt eit bilete av den fine gjengen, dei same flotte personane som me var med i Oslo då me såg The Book of Mormon for eit par veker sidan. Ekstra stas å feire nyttår med desse når me ikkje ser dei så ofte.


Ein bruker alltid lengre tid på å ta på seg ytterklede enn det ein trur, så me sprang det siste stykket opp til den lille haugen der me hadde tenkt å stå og sjå på fyrverkeriet. Fekk dessverre ikkje den beste plassen sidan me var litt seint ute, og eg hadde dimed ei blokk i vegen då eg skulle prøve å ta nokre bilete. Men eit par av bileta blei no likevel ganske bra. "Godt nytt år"-klemmar fra venene mine og eit nyttårskyss frå mannen min fekk eg før me alle traska tilbake til leilegheita. Oreokake og ein drink, mykje prat og latter resten av kvelden. Trur ikkje me var i seng før halv fire!

Legg igjen ein fin tanke