Endå eit puslespel er ferdig. Me har tidlegare lagt puslespelet "The Bizarre Workshop", og plutseleg såg me "The Bizzare Bookshop No.2" i butikken til halv pris. Motivet er laga av
Colin Thompson, og det er så mange artige detaljar på alle brikkane. Kule figurar og morosamme titlar, til dømes "Anne of Green Peace" og "How to succeed in breakfast without even frying". Synest det er koseleg å setje av tida til å gjere noko slikt saman. Høyre på musikk, prate litt, berre slappe av <3
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Hihi, så artig motiv! Tror jeg har sett på de puslespillene også. Når vi kommer oss på plass i nyhuset og får oss ordentlig spisebord, DA skal jeg finne frem puslespillene igjen.
Foreløpig så legg me dei på golvet, for sjølv om me har spisebord, bruker me det kvar morgon når me skal ete frukost og elles er det ofte bøker og anna småpjus der. Men, uansett, det er verkeleg gøy og koseleg med puslespel :)
Legg igjen ein fin tanke