Noko grått ute i dag. Regn på vindauget ute, bok i fanget inne. Kjenner november i år viser seg frå alle sider: den eine dagen sol og tretten gradar ute, den neste fem gradar, sur vind og styrtregn. Energien er ikkje heilt på topp når det er så mørkt, trist og grått ute. Men det hjelper så godt som alltid å ta fram ei god bok som eg kan dykke ned i, stenge den grå verda ute for ei lita stund.
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Takk og pris for bøker når det regner ute ;) Dessverre føler jeg at vi nesten har alle årstider nå for tiden. November skal jo egentlig være vinterlig, eventuell kald høst. Jeg blir helt årstidsforvirret av dette merkelige været.
Bøker har redda mange regnvêrsdagar for min del i alle fall ;) Skjønner godt kva du meiner med årstidsforvirra – eg aner jo omtrent ikkje frå dag til dag kva ytterklede eg skal ha på med når eg syklar. Og så er det så mørkt ute. Prøver å tenne stearinlys så ofte eg kan slik at det blir lysare og meir kos inne :)
Legg igjen ein fin tanke