11. nov. 2018

Den beste krimbokserien og eit kjekt puslespel

Kan det ikkje komme fleire bøker om Cormoran Strike og Robin Ellacott no med ein gong?! J.K.Rowling skriv nemleg ein heilt herleg krimbokserie under psevdonymet Robert Galbraith og no har eg nettopp lese ut den fjerde boka i serien, den nyaste boka i serien som kom ut no i haust. Vil berre lese vidare og vidare og vidare. Ei veke med all slags vêr, spelekveld, puslespel, boksal på jobben og kjekke seriar på skjermen saman med han fine eit par av kveldane. Og så klart har det blitt tid til lesing innimellom, men ikkje så mykje som eg gjerne skulle ha klart. Eg ønskjer difor å ta ei "stilleveke" neste veke etter inspirasjon frå Marthe. Meir tid til å lese, gå tur om vêret er bra, pusle meir, høyre på bra musikk, hengje med fine folk, berre logge av SoMe. Bruke mindre tid på mobilen og foran dataen, meir tid på analoge ting. Har publisert nokre blogginnlegg på førehand, så heilt stille her inne blir det ikkje. Men eg kjem ikkje til å leggje ut noko nytt, verken her eller andre plassar. Trur det er viktig å logge av innimellom. Før eg tar heilt "fri", her er sundagslista:

✦ lese ut Lethal White medan det regna som verst ute, berre diggar den krimbokserien
✦ stas å lese om andre som ønskjer å ta vare på mobilen og dataen lengst mogleg
✦ ekstra godt å sjå sollyset inn i stova no om hausten
✦ stelle i stand til boksal på jobben
✦ Babylon Berlin på NRK Nett-TV
✦ Katya sin Instagramkonto med bilete frå dei vakraste plassane rundt om i England
✦ middagsbesøk og spelekveld med fine folk
✦ og måtte jo ta fram dei gule og kule serviettane med sauemotiv som me fann i England
✦ sein helgefrukost og presskannekaffi
✦ Salongen kafé som har opna på Sølvberget som blir drifta av Fontenehuset
✦ gult er kult og grønt er skjønt – såg dette fargerike haustbladet på den regntunge bakken
✦ knallblå benk mot det gylne haustlauvet
✦ og at det framleis er haustfargar å sjå rundt Mostvatnet
✦ dovendyr er berre så søte
✦ hjelpe nokre vener med oppussing eit par timar i går
✦ byrje å leggje Harry Potter-puslespelet, det eg kjøpte då me var i London i fjor
✦ "Boktanker #14: Bøkene som har gjort inntrykk" – alltid kjekt å lese boktankane til Ida
✦ må alltid ha eit par bøker i bakhand på lesebrettet, og denne gongen var det Tin Man
✦ besøker gjerne denne flotte vintage- og konseptbutikken i Stockholm

Legg igjen ein fin tanke