14. nov. 2018

Snartur rundt Vannassen ein novembersundag

Eg er så glad me bur i ein bydel der det er fleire turområde å velje mellom. Alle er ikkje like store eller lange, men å ha Mosvatnet, Sørmarka, Vannassen og Stokkavatnet i gå- og sykkelavstand er eg veldig takksam for. Sjølv om november har vore grå og regntung mange av dagane, gjekk me ein snartur rundt Vannassen her for halvanna veke sidan. Dei klare, sterke fargane i oransje og gult.


Kameraet har nokre effektar som ein av innstillingane, og eg prøvde meg med ein vintageeffekt. Rett over ser du motivet med og utan effekt. Må innrømme eg synest det er litt kult, sånn av og til. For så klart – det er ikkje noko eg kjem til å gjere mykje av, det kan fort bli for mykje av det gode.


Gjorde godt å sjå at det framleis var eit hint (eller, litt meir enn eit lite hint) av haustfargane igjen. Såg dei tre trafikklysfargane på ein og same busk, og ikkje minst bjørketrea med sin gylne fargar.

Legg igjen ein fin tanke