2. nov. 2018

Togtur med historisk sus langt ute i skogen

Fredag og helg, den fyrste i november. At dette året går litt for fort, det er det i mine auge ikkje noko tvil om. Men – det er ikkje det eg skal skrive om i dag. Eg vil gjerne starte helga med eit tilbakeblikk til dei engelske heiene og ein fin, liten togtur. Me hadde nemleg på førehand sett oss ut den historiske ruta med toget som går ute på North York Moors. Den heiter North Yorkshire Moors Railway og blir køyrd av frivillige. Ruta går frå Pickering til Whitby og tar omtrent halvannen time. Togturen me skulle ta, tok ikkje meir enn ein halvtime, for me skulle av på Newtondale Halt. Men for ein tur! Stasjonen i Pickering ser jo ut som den i Harry Potter, togvognene er akkurat passe retro både utanpå og inni og stasjonen midt ute i skogen er noko heilt for seg sjølv.


Newtondale Halt er eit "request stop", det vil seie at ein må gi beskjed at ein vil av på det aktuelle stoppet og ein må faktisk vifte med handa til toget og stoppe det når ein vil på – viss ikkje køyrer det rett forbi. Kvifor ville me av her, lurer du vel på no. Jo, for det fyrste ønska me å prøve eit slikt "request stop" og for det andre var planen å gå ein tur ute på heia, ute i skogen. Den ruta me tenkte å gå, fann me ut ikkje var så smart: på ei infotavle stod det at ein ikkje bør gå den turen utan kart. Men me fann ei anna rute, så sjølv om me ikkje kom så høgt opp i heia som det me hadde tenkt, gjekk me ein passe skosgtur der me også fekk noko utsikt. Flott er det der, det er no sikkert! Hi, hi, eit lite etebilete midt ute i skogen er jo sjølvklart ;) Medan me åt lunsj, måtte me også nyte utsikta. Tøft å sjå togskjenene langt der nede, og me såg faktisk eit tog tøffe forbi, eit lite godstog.


Turen me gjekk var ikkje av den lengste sorten, så etter ein dryg time var me tilbake til stasjonen igjen. Eller, me sprang dei siste minutta, for me såg at me kanskje kunne nå eit tidlegare tog enn planlagt. Me venta ei lita stund, og medan me venta, såg me oss omkring på lille, spesielle togstasjonen (kan vel eigentleg ikkje kalle det ein stasjon, men heller ein plattform). Aner ikkje kva tog me eigentleg rakk, men etter å ha venta eit kvarters tid, kom det eit tog. Og attpåtil tog med eit damplokomotiv! Så kult å stoppe toget, og det var ein fin togtur tilbake til Pickering. På køyreturen heim til Cawood, berre måtte me stoppe ved minnesmerket til slaget ved Stamford Bridge. Var ikkje store greiene, men artig å seie at me har vore der ;) Stoppa også langs ein koseleg marknadsbutikk langs vegen, for vêret var nydeleg og det gjorde godt med iskrem etter ein tur i skog og mark.

Legg igjen ein fin tanke