✦ veit ikkje om eg er einig i at filmen er komedie, men likte veldig godt A Street Cat Named Bob
✦ god middag, god dessert og godt selskap då eg var ute med nokre av kolleagene mine på torsdag
✦ synest desse spøkelsa i keramikk er litt artige
✦ sjå nok eit togprogram på NRK, denne gongen med Julie Walters
✦ ha Zalo her ei heil veke med kvitring, eller skal eg seie prating?! ;)
✦ ete på Matmagasinet den nemnde kvelden
✦ diggar jo det meste som er HP-relatert: "Top 10 Unforgettable Ron & Hermione Moments"
✦ og så denne lista med små hint i HP-bøkene
✦ vel å merke ikkje denne sundagen, men førre sundag: gøy å spele "Fantasi" med familien
✦ få til betre merking av bildebokkassene på jobb og generelt produktive dagar
✦ tårene byrjar å renne berre eg ser traileren – eg snakkar om den nye Dumbo-filmen
✦ sykle til jobb i går, for som førre laurdag var det fint vêr og lite trafikk
✦ berre ei veke og ein dag igjen til mannen min er tilbake i byen
✦ 23 flotte bryllaupsbilete av kjendisar frå "gamle dagar"
✦ å lese ut boka Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai (og kaffi så klart)
✦ besøke ei av mine beste veninner på fredag, rett før helga tok til for fullt
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Hva syns du om Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai? Jeg elsket den! Filmen var også søt, men en god del annerledes enn boka. Men er det ikke sånn det bruker å være? ;)
Likte veldig godt boka, og som vanleg når eg les slike bøker, ønskjer eg å reise dit med ein gong! :D Har ikkje sett filmen enno, men kjem garantert til å sjå den når den kjem på dvd (for då pleier eg å låne den på jobb) :)
Legg igjen ein fin tanke