23. okt. 2017

Solskin ute på Rosenli ein oktobersundag

Før me skulle spele konsert i går, fekk me vore ute i finvêret. Det gjorde så utruleg godt! Å kjenne sola i andletet midt i oktober, sjå utover sjøen, det vakre og gylne lyset på det gule haustlauvet. Me tok bussen ut til Rosenli og gjekk på ein tursti heilt nede ved vatnet. Nokre var ute i båt, eit fint rådyr sprang plutseleg over vegen ikkje langt frå der me stod og på ein vegg fann me vakker gatekunst. Lot tankane fare, titta opp på eit stort, raud og flott hus, gjekk roleg vidare, hand i hand med mannen min. Kanskje ikkje den lengste turen, men den var no herleg, særskilt no i mørketida.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Nydelig vær ser det ut som. Deilig med slike solskinnsdager, de er gull verdt. Håper konserten gikk bra!

Silje sa...

Prøver så godt me berre kan å nytte sjansen når slike dagar kjem. Akkurat no er det grått og trist ute, og då er det godt å tenkje at det ikkje er mange dagar sidan me var ute i sola og den friske haustlufta :) Litt nervøs, men elles gjekk begge konsertane greitt ^^

Legg igjen ein fin tanke