20. okt. 2017

To silhuettar

Om berre ein dryg månad er det plutseleg to og eit halvt år sidan den finaste dagen. Og tenk: i desember er det ni år sidan han og eg blei "me". I oktober har temaet for Monthly Makers vore foto. Me har nok bilete på veggane, og eg hadde heller ikkje eit spesifikt motiv eg ville prøve å ta bilete av. Opp gjennom åra har eg samla på nokre lenkjer til fine idéar, og då eg leita, fann eg ei lenkje til korleis å lage silhuettar. Og då var det gjort. Resultatet ser du over: silhuettar av to bryllaupsbilete.


Eg følgde ikkje "oppskrifta" som eg fann til punkt og prikke, men eg brukte den som eit utgangspunkt. Fann to bilete frå bryllaupet der det er tydelege profilar og nok mellomrom mellom oss slik at ein ser detaljane også når bakgrunn og alt av fargar blir tatt vekk. Opna bileta i Photoshop, markerte bakgrunnen, klippa den vekk og la på eit adjustment layer som heiter "threshold". Drog den kvite pila heilt til høgre slik at alt blei svart, og dei lille felta som ikkje blei det, tok eg å "måla" over med penselen (ha, ha, framleis i Photoshop). Fekk tatt utskrift av silhuettane og byrja å klippe dei ut. Mange små detaljar å klippe ut, så her måtte eg fram med det lille tolmodet mitt. Limte til slutt silhuettane på noko fint papir som eg hadde liggjande.


Originalbileta og silhuettane rett under. Og vel, eg blei veldig nøgd. Veldig kjekt å prøve ut ein ny teknikk, og når resultatet blei slik eg hadde sett for meg, er det ekstra stas! Den største av silhuettane skal stå i eit hjørne på kjøkkenet medan den lille i ramma skal stå på nattbordet. Å lage slike silhuettar gjer eg gjerne fleire gongar. Perfekt som gåve til jul, bryllaup, bursdag og liknande.

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så utrolig fint og stilig det ble! Kjempekreativt! ^^

Silje sa...

Takk, Ida! Alltid kjekt å ha eit lite prosjekt å halde på med :) Vil i same slengen få ønskje deg ei god helg <3

Alicia sa...

Åååååh så fint och stämningsfullt! Särskilt den bakifrån med hela skuggspelet till är så vacker! Vilket fint och annorlunda sätt att bevara minnen från bröllopsdagen. Väldigt väldigt känslosamt <3

Silje sa...

Kjære, gode Alicia – tusen takk <3 Etter mykje tenking kom eg endeleg fram til at det å prøve ut denne teknikken kunne vere heilt ypperleg som temaet foto. Er så moro å vere med i Monthly Makers, utfordre meg sjølv litt, bli inspirert av alle dei fine folka :)

Jenny sa...

Åh vad fint! Älskar hur det blev med bakgrunderna! Jag gjorde något liknande av min farmor och farfars gamla bröllopsporträtt för några år sedan, jag ritade av silhuetten men behöll en del detaljer i slöjan och brudbuketten. Det är så himla kul att leka med kontraster på det här viset!

Silje sa...

Tusen takk for hyggeleg kommentar, Jenny! Ja, det er spennande å gjere noko ein ikkje har gjort så mykje av før og eg skjønner akkurat kva du meiner med tanke på kontrastar :)

Legg igjen ein fin tanke