1. okt. 2017

God mat og gode oppsettingar

Ingen tvil om kva denne vekas høgdepunkt er: å få sett både The Book of Mormon og Les Misérables i Oslo no i helga! For nokre oppsettingar! Eg visste ikkje heilt kva eg skulle forvente av fyrstnemnde, men eg trur det var den eg verkeleg kjem til å hugse. Scenekvelder si oppsetting av Les Misérables var jo kjempebra, men å sitje å le og berre storkose seg gjennom ein heil musikal, utan å ha noko særskilt med forventningar på førehand, det er ei oppleving! Vanlege dagar på jobb, sosial matlaging med jobb, besøk av ei god veninne og elles turen til Oslo oppsummerer kort ei veldig bra veke (om ein ser bort frå ei stemme som innimellom har vore borte på grunn av forkjølinga). Det vil nok ta tid før me er heime pga. uvêret, men pyttsann. Mykje bra i lista under:

le slik at tårene rann av The Book of Mormon og gåsehudfaktor då me såg Les Misérables
✦ alle dei vakre haustfargane på ein og same stad
✦ "Om å hvile" – så enkle, men gode og fine tips inne hos Kristine
✦ togtur, sjølv om togturen heim blei ramma av vêrgudane
✦ starte helga seint torsdag med ei god veninne på besøk
✦ høyre ein smakebit av det nye albumet til Glen Hansard
✦ septemberlyset som laga skuggar på blokka vår
✦ me har nok kaffikoppar, men Nest Interiør har mange fine med retroaktige mønster
✦ oppleve ein nydeleg solnedgang på veg til orkesterøvinga
✦ sosial matlaging (social cooking) med ein gjeng frå jobb
✦ kafébesøk og musikal (Les Misérables) med ei veninne eg ikkje hadde sett på nærmere ti år
✦ ete ute på Sentralen Mat i Oslo med eit venepar
✦ og at me fekk bu hos det nemnte veneparet no i helga
✦ sjå eit lite ekorn på veg til T-banen i dag tidleg
✦ alle bidraga frå denne månadens Monthly Makers-tema er no ute
✦ knallgode biscotti som eg var med på å lage då me laga mat med jobben
✦ finne ein kjempefin genser på Gudrun Sjödén
✦ lese om Trille og Lena på nye eventyr i boka Keeperen og havet

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Maria sa...

Vi vurderte Book of Mormon i London en gang, men så ble det ingenting av. Kanskje vi får prøve å få det med oss neste gang vi drar til London :-)

Silje sa...

Den er ganske dryg, så ein må ta den for det den er. Men gurimalla, me lo! :D Eg elskar jo musikalar, så for min del er det eit must når eg er i London ;)

Legg igjen ein fin tanke