4. okt. 2017

Staselege bygg

Store bygg, flotte bygg, staselege bygg. Det er vel ingen løyndom at me såg mange slike då me var ute på togtur no i sommar. Einaste er at eg veit at me ikkje alltid fekk med oss kva bygg me eigentleg stod og titta på. For det var så mange. Her er nokre av dei me såg i Wien. Taket på kyrkja, den store statuen med gull på toppen, gamle bygg og meir moderne bygg. Det nedste biletet viser museumskvartalet (MuseumsQuartier). I farten fann me ikkje eit museum som me verkeleg ville utforske, men sjølve kvartalet var ganske stilig med artige benkar der ein kunne slappe av med prat eller ei bok. Her i Stavanger har det vore ein bra arbeidsdag, og no ser eg på Victoria. God kveld!

Legg igjen ein fin tanke