18. okt. 2017

Fargerik bygning i Wien

Trur me såg denne fargerike plassen på eit postkort i ein butikk, og før me drog vidare til neste by (Budapest), ville me prøve å finne plassen: Hundertwasserhaus. Huset er eit leileghetskompleks som blei laga av artist Friedensreich Hundertwasser og arkitekt Joseph Krawina. Huset blei bygd i åra 1983-85. Så mange fargar, fasongar og artige detaljar! Eit bra siste stopp i ein by eg ser tilbake på med mange gode minne. Og dagen etter var det av garde med tog til Ungarns hovudstad.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Oi, så artig! Fint med litt fargerik arkitektur innimellom alt det grå. Og så de søte, små balkongene ^^

Silje sa...

Kanskje litt ekstra moro sidan me stort sett "berre" hadde sett eldre bygningar med ein meir klassisk arkitektur ;)

Legg igjen ein fin tanke