11. okt. 2017

Eit av dei vakraste biblioteka📚

Korleis har dagen din vore? Her har det vore grått og regntungt, men om ein ser bort frå det, har det vore ein bra dag på jobb med vanleg skrankearbeid og eit produktivt møte. For ein som jobbar ved eit bibliotek, trur eg draumen må vere nasjonalbiblioteket i Østerrike, Österreichische Nationalbibliothek på originalspråket. Det startar allereie når ein står ute og ser opp på bygninga.


Biblioteket blei bygd i mellomalderen av Habsburgmonarkiet. Den eldste boka som ein enno kan finne på biblioteket, er frå 1368! Alle utsmykkingane, måleria i taket, ornament i søkk og kav. Alle dei gamle bøkene i flotte, høge bokhyller, kan ikkje seie anna enn at det var litt av eit syn.


Trur eg skal la resten av bileta tale for seg sjølve. Eg blei overvelda, kanskje bergtatt er det ordet som passar best. Den gamle globusen, stigane opp til bøkene, lyset. Alt. Bøker og bibliotek, altså 

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Oi, jøss, det var litt av et bibliotek! Tenk hvis det var slik nye bibliotek ble bygd og designet idag, med trehyller og globuser og what not. Det hadde vært kult!

Silje sa...

Hadde vore superkult og ikkje minst veldig, veldig fint! Særskilt eit bibliotek med ein slik globus <3

Mathilde Nicoline sa...

Woow! Sykt fint! Akkurat som på film, som en drøm fra man var barn! <3

Silje sa...

Eg kunne ha vore der ein heil dag, berre for å sjå og ta inn alle dei intrikate detaljane! Eit must om ein er i Wien og elskar bøker og bibliotek ^^

Legg igjen ein fin tanke