2. okt. 2017

Minne frå fine reiser

Trass i stygt vêr og forseinkingar, kom me oss heim i går kveld. Eller, det var ikkje stygt vêr medan me sat på toget, men det hadde vore ille og det var visst endå verre i natt. Alle veit jo at det heiter "borte bra, men heime best", og eg må vel seie meg einig. Men samstundes. Reiselysta vil nok alltid ver der, i større eller mindre grad. Nokre dagar meir enn andre. Ikkje misforstå; eg er veldig glad i heimen vår og i byen me bur i, men av og til kjenner eg at eg treng å sjå og oppdage noko nytt.

På slike dagar er det greitt å ha kunne sjå bort i bokhylla der eg har ei lita suvenirsamling. Eg prøver å ikkje kjøpe altfor mykje rusk og rask når me er ute på reis, men ei lita ting, eit postkort eller ein pins tenkjer eg går an. I hylla er det blant anna to drakar frå Krakow (ein frå 2011 og ein frå 2012), det er ein glasparaply og nokre fine skåler frå Rhodos, den lille moldvarpen frå Tsjekkia og eit søtt, lite hus frå Český Krumlov. Me har vore mykje på farten i år, så no trur eg det får halde. Men å kunne planleggje ein stor eller liten tur, ha noko å sjå fram til når det berre blir gråare og mørkare ute, det er ei fin greie. Like fint som å dykke ned i ei bra bok, i eit heilt anna univers. 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Jeg tror nok det er veldig vanlig å kjenne litt på reiselysten uansett hvor godt man trives og har det hjemme. Det er fint å reise, og det er fint å komme hjem ^^ Synes du har kjøpt fine ting på reisene dine! Og så den lille muldvarpen, da <3 Søt!

Silje sa...

Likte godt det du skreiv om at "det er fint å reise, og det er fint å komme hjem". For det er vel akkurat det eg sit og kjenner på ^^ Prøver som nemnt å kjøpe noko smått som eg både synest er fint og som eg enkelt kan hugse kor er frå. Einig i at den lille moldvarpen er søt :D

Legg igjen ein fin tanke