3. okt. 2017

A Night at the Opera 🎭

Opera. Verken han eller eg har eit særskilt forhold til denne musikkstilen, men då me fyrst var i Wien tenkte me at me burde prøve å få med oss ei operaforestilling. Stykket som gjekk då me var i byen, var Pelléas et Mélisande av Claude Debussy. Den hadde premiere i 1902 og  er adaptert frå skodespelet med same namn. Bygget er stort, det er det ingen tvil om. Stjerner på bakken utanfor inngangen. Plakat med store filmmusikknamn som Morricone og Rota. Og for nokre sitjeplassar inne i sjølve operasalen! Er ikkje ofte ein ser slike sitjeplassar i nyare bygg (det er frå 1869).


Alle detaljane! Overalt! Sjølve forestillinga var på fransk, men sidan me alle hadde ein bitteliten skjerm der ein kunne velje eit anna språk, gjekk det an å følgje med på forestillinga likevel (me valde engelsk, det var ikkje ørten språk å velje mellom). Men: seta me hadde var ikkje dei aller beste, så me såg nok berre to tredjedelar av scena. Og dei som sat rett foran oss var meir opptatt av å ta bilete, vere på Wikipedia og liknande. Nei, eg overdriv ikkje. Me sa no i frå, men det hjalp berre for ei lita stund. Vel, slik er det av og til. Opplevinga og det praktfulle bygget som enno sit friskt i minnet kan ingen ta frå meg ;) Berre sjekk ut lysekronene og alt gullet, måleria og statuane. Akkurat som Schönbrunn er det så mykje å setje blikket på, på vegg, tak og golv. Magisk!

Legg igjen ein fin tanke