16. okt. 2017

Regndropar i haustmørket

Mørkt ute i dag tidleg, det var tungt å stå opp. Ein merker at no er det haust, energien er ikkje heilt på topp. Men det hjelper når me har ete litt frukost, drukke ein kopp med kaffi eller to, sykla i frisk haustluft på veg til jobb. Er ikkje veldig glad i regnet, men å sjå dropane på ruta når det er mørkt ute...fint. I haustmørket. Eller kanskje eg burde seie haustlyset – dropane får så vakre fargar i lyset frå gatelyktene eller frå TV-skjermen til naboen. Regndropar i oransje, grønt, blått og lilla.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Regn er noe av det fineste jeg vet, og kanskje noe av det mest upraktiske hvis man skal bevege seg utendørs. Jeg kjenner enda ikke på mangel i energi, antageligvis fordi det fortsatt er ganske mange timer med dagslys enda. Og jeg trives godt på høsten. Jeg håper høsten din blir fin og at du får mange fine stunder fremover!

Silje sa...

Gode, fine du! Så lenge eg får lese litt kvar dag, kose meg med ein kopp te eller kaffi, sjå ein episode av ein favorittserie, skal eg ikkje klage ;) Då klarer eg meg. Men eg legg jo ikkje skjul på at eg innimellom synest hausten er mørk og tung. Eg tar no vare på alle dei fine små gledene, dei som for nokre ikkje betyr så mykje, men som for meg betyr ein del :) Og takk det same til deg <3

Legg igjen ein fin tanke