27. okt. 2017

Liten og finfin kalender når me snart skriv 2018

Ikkje lenge igjen til me skriv eit nytt år. Nok ein gong. Å skulle ta fatt på eit nytt år når eg nesten ikkje veit kor det førre blei av, eg synest det er vanskeleg. Liker ikkje at tida berre fyk av garde utan at eg rekk å følgje med. Altså, det er jo ikkje slik kvar dag, det at eg ikke rekk å hengje med. Men at vekene og månaden går fort, det er det ingen tvil om.

Nok om mine små tankar – eg vil eigentleg berre få vise fram den nye kalenderen eg har kjøpt. Stort sett hugsar eg avtalar, bursdagar og liknande i hovudet eller eg skriv dei ned som ei påminning på mobilen. Då eg såg denne lille, søte og vakre kalenderen hos Søstrene Grene, klarte eg ikkje å gå forbi. Så no skal eg prøve å ta i bruk ein fysisk kalender til å skrive ned ting eg bør hugse i løpet av 2018. I kalenderen er det fyrst ei oversikt over kvar månad der eg kan føre inn det viktigaste og sidan betre plass til små (og større) notis dag for dag. Så får me sjå kor langt eg kjem når det gjeld å bruke den aktivt, men eg skal no i alle fall gjere eit forsøk ;) Håper helga blir topp!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Jeg har aldri klart å stole 100% på hukommelsen min, bruker som regel huske ting, men liker å skrive ned ting, - og ikke klarer jeg å bruke mobilen som kalender/huskelapp. Må ha en kalender å skrive i. Enig med deg i at tida flyr! Jeg gleder meg veldig til neste år, av en ganske åpenbar årsak, så jeg har ikke noe imot at kalenderen snart viser 2018. Men først; jul! Håper du får en fin helg <3 ^^

Silje sa...

Eg tenkjer at eg skal no i alle fall prøve, og så er det eit pluss når kalenderen er av akkurat passe storleik og at den ser så fin ut ^^ Skjønner jo at du ser fram til 2018, men jul kjem fyrst, og det er alltid like hyggeleg. Kos, familie, vener, tid. Tid til å lese, slappe av, gjere ingenting. Ønskjer deg også ei bra helg <3

Legg igjen ein fin tanke