18. jan. 2017

Kontrast: før og etter

I byrjinga då eg fann ut at det fyrste Monthly Makers-temaet i år skulle vere kontrast, hadde eg få idéar til kva eg kunne lage. Kontrast kan jo vere så mangt, men det som slo meg fyrst var fargekontrastar, svart-kvitt og liknande. Eg ville likevel gi det ein sjanse. Leita litt gjennom Pinterest-tavlene mine då eg kom over denne. Fann ut at det er jo ein kontrast; kvite, kjedelege konvoluttar blir til kule på ein-to-tre. Laga fyrst ein mal (eller to for å vere nøyaktig, ein stor og ein mindre fordi eg hadde to forskjellige storleikar på konvoluttane), og malen bør vere noko mindre enn sjølve konvolutten. Fram med dei fargerike magasinsidene som eg har tatt vare på nettopp til slike prosjekt, klippa ut etter malen og fekk dei nedi konvoluttane. Tok på litt lim slik at dei sat betre og...ferdig. Stor kontrast mellom før (kjedeleg) og etter (stilig), og sjølv om dei fleste konvoluttane blir rive opp, er det kjekt å sende av garde noko meir enn ein vanleg, kvit konvolutt.


Og då eg fyrst var i gong, kom eg over endå eit bilete eg hadde lagra på Pinterest, nemleg eit syltetøyglas med slipte glasbrot og led-lys. Her er også kontrasten på før og etter. Dei aller fleste tenkjer nok at slike glasbrot er søppel, dei er ikkje noko å samle på, ein kan ikkje bruke dei til noko spesielt. Den gong ei ;) Til jul fekk eg brente mandlar på glas av ei veninne, og det glaset kom no til bruk. La oppi mange av glasbrota, fann fram ei lita lenkje med led-lys, fekk på lokket og snudde glaset på hovudet. Skal innrømme at det ikkje gir så veldigg mykje lys, men ei lita, varm stemning gir det jo, og så var det gøy å prøve det ut. Mine to små bidrag i årets fyrste Monthly Makers-tema :)

8 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

De konvoluttene var jo superstilige! Og det er så fint når man endelig får brukt noe man har samlet på en stund, så den glasskårlampa (eller hva man skal kalle den) var jo perfekt! Kult!

Silje sa...

Alltid moro og koseleg å lese kva andre synest om slike prosjekt. Tusen takk, Ida! Håper du har hatt ei superbra bursdagsveke og at helga blir topp :D

Wilda sa...

Vilken rivstart på skaparåret Silje! Inspirerande! Jag gillar verkligen kuverten, det blir så effektfullt. Och Gudrun Sjödén katalogen vill jag ju rama in helt och hållet då den har så fina färger :) Jag gjorde en liknande grej som du med glasburken i höstas, men inte med sjöglas. Så effektfullt det blev! Det är så fint att du är med och skapar!

Silje sa...

Fine Wilda! Tusen takk for den kjekke og fantastiske kommentaren! :D Er jo sant det du seier angåande Gudrun Sjödén-katalogane, dei er så fine :) Og så er det veldig gøy å vere med å skape i Monthly Makers, tommel opp!

Beatrice sa...

Så fint med glaset i burken!! Hade aldrig tänkt på att vända den upp och ner sen, det blev ju väldigt effektfullt. Och jag älskar kuverten, så himla fyndigt att ta en gammal katalog med fina bilder!

Silje sa...

Så koseleg og moro å høyre, Beatrice! Monthly Makers er eit utruleg kjekt og inspirerande prosjekt, og noko som eg gleder meg til kvar månad :)

Grahnslöjd sa...

Jag som är en flitig brevskriverska måste testa att dekorera kuvertens insida, supersnyggt!! Och vilken häftig glaslampa!! Den skulle jag vilja ha:)

Silje sa...

Passar perfekt når ein skriv ein del brev, ja :D Tusen takk for kjempefin kommentar :)

Legg igjen ein fin tanke