Også denne veka jobbar eg laurdag, og då er det litt ekstra fint å kunne ha torsdagen fri. Senkje skuldrene, drikke nokre koppar med kaffi, lese i ei god og spennande bok, tenne stearinlys, høyre på musikk, sjå ein episode eller to av ein favorittserie og berre ta det heilt med ro. Ute er det gråvêr, og nede i sentrum ventar dei berre på uvêret Vidar. Vel, vel. Håper din torsdag er like bra :)
Legg igjen ein fin tanke