8. jan. 2017

Ein bra start på det nye året

Veke 1 2017. Den har vore bra med både jobb, leseglede, ein del kaffi, god te og flotte soloppgangar og -nedgangar. Vêret har ikkje vore like bra alle dagane, men eg skal ikkje klage, for å kunne gå ein tur ute midt på dagen med sol og klarvêr, er ikkje sjølvklart i januar her på Vestlandet. Eg har vel eigentleg ikkje så mykje nytt å fortelje, men det er jo sundag og ei sundagsliste har eg no sat saman:

gå tur midt på dagen på torsdag, kjenne sola varme, sjå den fine frosten på bakken
✦ byrje på oppfølgjaren til Kunsten å høre hjerteslag
✦ blir aldri lei søte og nusselege kattar som denne og denne
✦ ta i bruk den stilige reisekoppen med fint sitat ("Reading is like dreaming with  your eyes open")
✦ vakker coverversjon av filmmusikken frå Hobbiten-filmane
✦ drikke god ferskente som eg fekk i julegåve frå ei god veninne
✦ tankar om 2017 inne hos Kristin, veldig bra formulert
✦ lese ut fjorårets boksnakkis, nemleg Arv og miljø av Vigdis Hjorth
✦ tommel opp for nyttårsfeiringa til Rania
✦ sollyset ute på tur
✦ "8 words all bibliophiles need to know" – trur omnilegent er det aller beste
✦ tinge tur til London siste helga i januar
✦ kjempefine bilete av nordlyset inne hos Frida
✦ ny TV i heimen, og på den titte på The Crown (litt seint ute, men for ein bra serie)
✦ at eit av mine bokbilete på Instagram blei reposta av Forlaget Press
✦ fjerde sesong av Sherlock
✦ etter ein lang pause: endeleg spele med orkesteret igjen
✦ Ida sine boktankar
✦ teste ut den nye, elektriske kaffikverna, og presskannekaffien blei veldig, veldig god :)

2 kommentarer:

Maria sa...

Åh!! Sherlock!! Har gleda meg noe sinnsykt til 4 sesong!Må bare få mannen til å bli med og se, for han liker ikke den serien... Don't know why... Haha

Silje sa...

Joda, her sit me begge to benka for å sjå Sherlock saman, ein så rar, bra og kul serie :D