25. jan. 2017

Eit tynt, grått teppe

Tåke. Ei slags grå skugge som ligg som eit tynt teppe i lufta. Eller tjukt teppe. Då eg sykla til loppemarknaden på laurdag, sykla eg via Mosvatnet, og tåka låg der, ikkje særskilt tjukk, men tjukk nok til at den laga ei trolsk stemning. Og nok ein gong er det nokon som har hengt opp lappar med fine beskjedar på rundt lysløypa. Ordentleg koseleg! Dette blogginnlegget er publisert på førehand, for akkurat no er me snart i London. Har eit par innlegg til på lur medan me er ute på reis :)

2 kommentarer:

Linnéa Elisabeth sa...

Underbara bilder! Dimma är verkligen vackert och romantiskt, dock kan jag bli lite seg gråa dagar på grund av det dåliga ljuset, men det blir ju så fint på bild!!

Silje sa...

Kjenner igjen kjensla, for eg er ikkje noko særskilt glad i tåke og grå dagar sjølv, men at det blir fint på bilete er så sant, så sant! Tusen takk for koseleg kommentar :D