11. jan. 2017

Januarlyset gjennom mobilkameraet

I den eine augneblinken har det vore klart vêr og knallblå himmel, i den andre har regnet bøtta ned sidelengs. Akkurat slik har vêret oppført seg i dag. "Fina vêret", som det heiter her i byen. Vel, eg skal ikkje klage, for førre var det mykje betre. Januar viste seg verkeleg frå si beste side, både om morgonen og om kvelden. Himmelen var rosa og oransje om kvarandre, solstrålane dansa på husveggen, lyset var varmt og vakkert. Når dagen i dag er mørk og grå, er det ekstra fint å sjå på desse bileta; det nye året har så langt starta bra med lysare dagar, leseglede og god kaffi.

Legg igjen ein fin tanke